Økosystemtenester AS
Med naturen som arbeidsfelt
AREALBRUK - KORLEIS BRUKAR ME NATUREN?
Både
Naturpanelet og Klimapanelet, som er FN sine organ for naturmangfald og klima, meiner
at inngrep i landareal er av dei viktigaste årsakene til tap av naturmangfald
og klimagassutslepp.
I Økosystemtenester AS arbeider me for å gjere naturverdiar synlege og for å styrke forvaltninga av naturen.
VERDI - KORLEIS GJER ME NATURVERDIAR SYNLEGE?
I dagens analysar vert verdien av natur sett = 0. Naturgoder er goder som naturen yter til menneska si velferd og i ein del tilfelle er det mogeleg å setje verdi på naturgodene. I utbyggingssaker der naturinngrep er aktuelt kan såleis kostnaden med byggje ned natur takast med i reknestykket, for eksempel i samfunnsøkonomiske analysar.
Har du oppgåver eller prosjekt der denne type spørsmål er aktuelt?
KOSTNADEN VED BRUK AV NATUR
Naturen er verdifull og arealbruk har ein kostnad. Naturinngrep er arealbruk som har ein slik kostnad og naturinngrep følgjer med all utvikling av:
KORLEIS GJER ME DET?
Me støvsugar akademia for eigna verktøy og tilpassar til norske forhold gjennom bruk av digitale kartdata i ein skala som høver til nasjonale, regionale og lokale forhold.
Økosystemtenester AS arbeider systematisk for å utvide og forbetre bruken av tilgjengelege verktøy gjennom prosjektarbeid finansiert av m.a finansinstitusjonar og Innovasjon Norge.
Korleis me behandlar naturen er ein viktig del av det grøne skiftet og konkretisering av naturverdiar gjev ei betre forståing av m.a.:
- bærekraftsmåla
- naturmangfald
- naturrisiko (klimarisiko)
- naturbudsjett og -rekneskap
KARBON ER JOKEREN!
Overalt i
naturen ligg det lagra karbon - enkelte stader i store mengder. Koplinga mellom
natur og klima ligg i denne enkle samanhengen:
Kvart karbonatom som kjem til overflata vert til CO2.
Slik høyrer naturinngrep og klimagassutslepp nøye saman - naturinngrep fører til klimagassutslepp.
CARBOSTORE
Når naturinngrep fører til utslepp av klimagassar (som inneheld karbon for eksempel CO2) er det viktig å vite kor mykje karbon som ligg lagra i naturen der naturinngrepet er planlagt.
Økosystemtenester AS byggjer opp ein database CARBOSTORE med oversikt over representative verdiar av karbon lagra i vegetasjon, røter, dødt materiale, jordsmonn (soil), vassediment og berggrunn knytt opp mot geografisk stedfesta lokalitetar verda over. Data varierer med oppløysinga i kartgrunnlaget, men vert stadig oppjustert ved forbetra kartgrunnlag.
Prosjektstøtte og Gründerstipend
Viktige steg på vegen til å gjere naturverdiar meir synlege i samfunnsdebatten

Økosystemtenester AS er i 2020 tildelt distriktsretta tilskot frå Innovasjon Norge for arbeidet med å setje verdi på naturkvalitetar. I utbyggingsprosjekt som krev store naturinngrep vert det utført samfunnsøkonomiske analysar for å greie ut om økonomiske sider ved utbygginga. I slik analysar vert tap av naturverdiar ofte sett lik null på grunn av manglande data. Dette vil Økosystemtenester AS gjere noko med.
Sparebanken Vest har i 2020 tildelt Økosystem-tenester AS og dagleg leiar Kåre Flatlandsmo årets gründestipend for arbeidet med å synleggjere verdien på norsk natur. Fleire rapportar og analysar peikar på at norsk natur vert bygd ned bit for bit. Gjennom stort folkeleg engasjement på vegner av naturen er det frå fleire hald kome krav om at nedbygging av natur må ha ein kostnad.

Med naturen som fagfelt
Økosystemtenester AS
Økosystemtenester AS arbeider med verdisetjing av naturgoder. Arbeidsoppgåvene omfattar m.a. kartlegging av verdiar i naturen, å synleggjere og konkretisere dei tenester som naturen yter til samfunnet og å fremje tiltak som styrkjer forvaltninga av naturen gjennom økonomisk verdisetjing av slike tenester. Bedrifta vart etablert i 2016.
Revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringar - vilkårsrevisjonar
I tidsrommet fram mot 2022 skal over 300 konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringar reviderast. Ved tildeling av Finsefondets miljøpris 2018 har Økosystemtenester AS laga ein rettleiar for natur- og miljøorganisasjonar om korleis dei på best mogeleg måte skal kome i inngrep med desse relativt kompliserte prosessane.
Samfunnsøkonomiske analysar
I større utbyggingsprosjekt er dei verdiar som naturen representerar sjeldan eller aldri tatt med i reknestykket. Dei siste tiåra er det blitt utvikla teori og metodar som konkretiserar og styrkjer naturverdiane slik at desse i ein del høve lettare kan verte tatt inn i samfunnsøkonomiske analysar som ein kostnad i forhold til dei verdiane som ei utbygging skapar.
Bli kjend med økosystemtenester
Naturkapital - økosystemtenester - velferd for menneska og samfunnet
Naturkapital
Naturkapital er den avgrensa mengden av fysiske og biologiske ressursar som finst på jorda. Økosystema sine strukturar, prosessar og funksjonar er ein del av naturkapitalen.
Tenester
Økosystemtenester er ein straum av goder og tenester som gjev nytte til folk. Sidan naturkapitalen er avgrensa er det "overskotet" av natur-kapitalen som kan haustast som økosystemtenester. Les meir ved å laste ned dokumentet nedanfor.
Metodar
Omfattande internasjonale forskningsprogram har dei par siste tiåra ført til store framsteg når det gjeld utvikling av metodeverktøy for synleg-gjering av naturverdiar. Les meir om desse metodane ved å laste ned dokumentet nedanfor.