
Økosystemtenester
Økosystemtenester på dagsorden
Utvikling av omgrepet økosystemtenester
Menneske er grunnleggjande heilt avhengige av naturen og nyt godt av ei rekkje goder og tenester derifrå. Omgrepet økosystemtenester er utvikla for betre å kunne forstå samanhengen mellom tilstanden i økosystema og menneskeleg velferd. Tilnærminga gjennom økosystemtenester vert i dag oppfatta som eit aktuelt og potensielt viktig verktøy for å analysere, synleggjere og kommunisere samfunnet og menneska sitt tilhøve til økosystema. Økosystemtenester kan vere både fysiske goder og ikkje-fysiske tenester me får frå naturen. Av og til vert omgrepet naturgoder brukt om det same.
Omgrepet og tilnærminga gjennom økosystemtenester dukka truleg først opp i faglitteraturen på slutten av 1970-talet, og vert i dag mykje brukt i forsking, forvalting, politikk og formidling. Nytteomgrepet vart brukt i samanheng med økosystemfunksjonar for å styrke det offentlege si interesse for å ta vare på det biologiske mangfaldet, og for å vise at tapet av biologisk mangfald fører til tap som er kritisk viktige for menneska si velferd.
Omgrepet har dei siste tiåra i aukande grad vorte kopla til bærekraftig utvikling generelt og til økonomisk verdsetjing spesielt, og er stadig meir brukt både i forvaltning og faglitteratur.
Omgrepet økosystemtenester vert generelt definert for å få fram korleis økologiske strukturar og prosessar gjev bidrag til økologiske funksjonar som set økosystema i stand til å levere ulike tenester, som igjen er til nytte og verdi for menneska si velferd og utvikling. Omgrepet vert m.a. definert som " fordeler menneske har av økosystema" og "økosystema sine direkte og indirekte bidrag til menneskeleg velferd". Det vert ofte vist til desse to definisjonane i internasjonalt samarbeid og i faglitteraturen, den siste (TEEB-versjonen - The Economics of Ecosystems and Biodiversity (2010)) er den vanlegaste, og tek utgangspunkt i at økosystemtenester er alle sider ved økosystema som bidrar til menneskeleg ve og vel. TEEB-versjonen reflekterar både direkte og indirekte bidrag frå økosystema, både nytteverdiane folk er klar over og fordeler som folk ikkje er klar over, illustrert i figuren under.
Frå NOU 2013:10 Naturens goder - verdier av økosystemtjenester
Økosystem og biologisk mangfald
Økosystema vert definert som ein fullt integrert del av det biologiske mangfaldet, saman med det genetiske mangfaldet og artsmangfaldet. Alle dei tre nivåa med biologisk mangfald (og interaksjonane mellom dei) bidrar til økosystemtenester, illustrert på figuren nedanfor:
Frå NOU 2013:10
Løyser opp i sektortankegangen?
Faglitteraturen viser m.a. til at den økonomiske vinklinga i økosystemtenestetilnærminga kan vere godt eigna til å involvere aktuelle sektorstyresmakter og aktuelle interessentar, og kan difor vere viktig for eit styrka samarbeid både innan og mellom sektorar når det gjeld økosystemforvaltning.
Nokon peikar på at tilnærminga kan setje oss betre i stand til å handtere større systemutfordringar med m.a. stor kompleksitet og usikkerheit, noko mykje av dagens miljøutfordringar er prega av. Andre trekkjer fram at tilnærminga kan gje eit breiare perspektiv på betydningen av natur og intakte økosystem, og viser m.a. til at ulike verne- og bevaringstiltak også må ta vare på andre samfunnsmål dersom dei skal lukkast, både etisk og praktisk.