Samfunnsøkonomiske analysar

Ulike typar samfunnsøkonomiske analysar

Generelt vert samfunnsøkonomiske analysar gjennomført for å finne ut kva tiltak eller alternativ som gjev den beste samfunnsøkonomiske nytten når større prosjekt skal gjennomførast og store økonomiske verdiar står på spel.. Det er ulike typar samfunnsøkonomiske analysar ( Direktoratet for økonomistyring (2014)):

1. Nytte- kostnadsanalyse

2. Kostnadseffektivitetsanalyse

3. Kostnadsverknadsanalyse

I ein nytte-kostnadsanalyse vert alle positive og negative verknader av eit tiltak verdsett i kroner så langt det let seg gjere. Hovudprinsippet er at ein konsekvens er verd det befolkninga til saman er viljuge til å betale for å oppnå eller unngå han. Dersom betalingsviljen for alle nytteverknader av tiltaket er større enn summen av kostnadene, vert tiltaket definert som samfunnsøkonomisk lønsamt. Kostnadene ved eit prosjekt skal i prinsippet spegle verdien av det ein må forsake av andre ting (dvs. verdien som ressursane kan skape i den beste alternative løysinga) for å gjennomføre prosjektet, medan nyttan skal spegle kor mykje ein er viljug til å betale (folk sin samla betalingsvilje).

Dersom dei ulike tiltaka som skal samanliknast har like nytteverknader, er det ikkje naudsynt å verdsetje nytten i kroner for å rangere den samfunnsøkonomiske lønsemda av tiltaka. Rangeringa vil uansett berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka. Dette vert kalla ein kostnadseffektivitetsanalyse. I ein slik analyse vert tiltaket rangert etter kostnader og å finne  det tiltaket som vil realisere målet til lågast kostnad.

I ein del tilfelle vil det vere vanskeleg eller ikkje ønskjeleg å verdsetje nyttesida i kroner, samstundes som ulike tiltak har ulike nytteverknader. Ein kan då rekne ut kostnadene ved tiltaka på vanleg måte. Dette vert kalla kostnadsverknadsanalyse. Kostnadsverknadsanalysar gjev ikkje grunnlag for å rangere tiltaka etter samfunnsøkonomisk lønsemd, men gjev likevel verdfull informasjon til dei som skal fatte avgjerd.

Om naturverdiar i samfunnsøkonomiske analysar.

Svakheita ved samfunnsøkonomiske analysar har så langt vore at verknader som er knytt opp mot naturverdiar knapt er teke omsyn til. Denne mangelen vert forsterka av at det ofte er nettopp naturen som vert skadelidande når store prosjekt av nasjonal verdi skal gjennomførast. 

Ei viktig oppgåve som me arbeider med i Økosystemtenester AS er å setje verdi på dei naturkvalitetane som går tapt ved arealkrevjande utbyggingsprosjekt slik at dette vert synleggjort i samfunnsøkonomiske analysar.  Les meir om dette i  Verdisetjing av Naturgoder.

Økosystemtenester AS | 2020 I Gjer naturverdiar synlege  
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang