Samfunnsøkonomiske analysar
Store investeringsprosjekt innan mellom anna samferdsle, energiproduksjon og -forsyning har ofte negative effektar på fellesgode som vass- og luftkvalitet, rekreasjon og landskapsestetikk. For å kunne prise effektar på miljøgodene i samfunnsøkonomiske analysar, har det difor dei siste 20 åra vore ei rivande utvikling av metodar for økonomisk verdisetjing av desse fellesgodene.