Verdisetjing av naturgoder

Marknadsgoder og fellesgoder.

Kva er motivasjonen?

Naturen forsyner oss med ei rekkje goder  og tenester som mat, reint vatn, vern mot flaum og uvær, karbonlagring, rekreasjonstenester og estetiske opplevingar. Dei fleste godene er likevel fellesgoder som i hovudsak ikkje vert omsett i ein marknad, og som difor ikkje har ein marknadspris. Når fellesgodet først er tilgjengeleg, er det tilgjengeleg for alle, og nytten eit individ har av godet, forringar ikkje nytten andre har av godet. Den nytten slike goder bidrar med, og dei kostnadene det har for vår velferd når slike goder vert øydelagt, kjem difor ikkje fram i dei vanlege rekneskapa våre. 

Store investeringsprosjekt innan m.a. samferdsle, energiproduksjon og -forsyning vil ofte ha negative effektar på fellesgoder som vass- og luftkvalitet, rekreasjon, folkehelse, kulturminne, landskapsetikk, klimaet, biodiversitet og økosystemtenester. På same måte vil miljøinvesteringar i form av auka verneareal for barskog og gjennomføringav EU sitt Vassdirektiv om god økologisk status i alle vassdrag ha positive effektar på miljøgoda.

Økonomisk verdisetjing

Frå  NOU 2013:10
Frå NOU 2013:10

Toppen av pyramiden illustrerer at ein del økosystemtenester er av ein slik karakter at det kan lagast verdianslag som viser tenesta sitt økonomiske bidrag. Verdien av tenesta kan då samanliknast med andre økonomisk verdsette storleikar. Dette kan f.eks. gjerast for å vise kor mykje det kostar samfunnet at viktige økosystemtenester vert forringa, kva samfunnet tenar på å ta vare på  eller setje i stand økosystem som alt er forringa, eller korleis uttak av produserande økosystemtenester fører til verdiskaping i primærnæringane.

Økonomisk verdisetjing vil til vanleg ta utgangspunkt i kvalitative  og eventuelt fysiske kvantitative eigenskapar av tenester som skal verdsetjast.

Ved økonomisk verdsetjing er me primært interessert i å finne verdianslag for endringar i naturkapitalen og leveranse av økosystemtenester på eit nivå som ikkje set viktige økologiske prosessar i fare. Det er denne type endringar metodane for økonomisk verdsetjing er utarbeidd for.

Total samfunnsøkonomisk verdi

Omgrepet total samfunnsøkonomisk verdi vert brukt på verdien for samfunnet av ei  endring  i kvaliteten eller mengden av eit miljøgode eller ei økosystemteneste. Omgrepet total i total samfunnsøkonomisk verdi viser til at me ønskje å inkludere fleire typar økonomiske verdiar, og ikkje berre verdien av den direkte bruken av tenester frå økosystema, men også verdiar som er knytt til indirekte bruk og ikkje-bruksverdiar. Det dreiar seg altså ikkje om den totale verdien av eit økosystem eller ei økosystemteneste, som det er lite meiningsfullt å anslå verdien av. Ved økonomisk verdsejing vert det til vanleg søkt å anslå verdien av ei endring i kvaliteten eller mengden av økosystemtenester som følgjer av eit tiltak, ein politikk etc. og det er dette som til vanleg vert målt ved total samfunnsøkonomisk verdi. Det er også denne typen verdianslag som er relevant å bruke i samfunnsøkonomiske analysar.

Total samfunnsøkonomisk verdi må sjåast på som ei konseptuell tilnærming som kan bidra til å auke forståinga av korleis naturen bidreg med verdi til oss menneska på mange ulike måtar. Tiltak, politikk etc. som endrar kvalitet eller mengde økosystemtenester vil røre ved fleire verdikomponentar, og det er summen av desse verdiendringane  som utgjer samfunnet sin totale kostnad eller nytte av eit tiltak eller ein politikk. Men det er ikkje sikkert me kan rekne ut ein økonomisk verdi som omfattar alle økosystemtenester og/eller verdikategoriar. Total samfunnsøkonomisk verdi kan då vere eit godt utgangspunkt for ei systematisk vurdering av kva verdiar som er del av eit økonomisk verdianslag og kva som må synleggjerast på andre måtar.

Total samfunnsøkonomisk verdi inneheld kategoriane bruks- og ikkje-bruksverdiar, som begge har fleire undergrupper. Detaljeringsnivået og oppdelinga varierar noko mellom ulike kjelder, men dei fleste kjeldene inneheld omgrepa som er vist i figuren nedanfor:

Frå NOU 2013:10
Frå NOU 2013:10
Økosystemtenester AS | 2020 I Gjer naturverdiar synlege  
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang