
Vilkårsrevisjonar
Miljøforbetringar i dei regulerte vassdraga
Modernisering av gamle vilkår.
"Eit hovedmål med revisjon er miljøforbedringer i de regulerte vassdragene våre, i tillegg til å modernisere gamle vilkår. Dette er viktig med tanke på å finne en fornuftig balanse mellom effektiv utnyttelse av vannkraften og samtidig ivareta miljøforholdene i regulerte vassdrag" sa olje- og energiminister Ola Borten Moe då han i 2012 saman med med miljøvernminister Bård Vegar Solhjell la fram "Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer". Pressemeldinga hadde overskrifta: Felles krafttak for bedre miljø i regulerte vassdrag.
Når det vert gjeve konsesjonar for tiltak i vassdrag vert det fastsett vilkår. Konsesjonsvilkåra regulerar først og fremst forholdet mellom den som har fått konsesjon og allmenne interesser. Nokre vilkår er fastsett i lova, medan andre vert utforma individuelt for dei einskilde tiltak.
Inngrep i vassdrag vil som regel vare i lang tid. Endra samfunnsforhold og endra haldningar til natur og miljø har ført til at det vert lagt stadig større vekt på miljøomsyn. Hovudformålet med ein revisjon av vilkår vil vere at det gjev høve til å betre miljøforholda i regulerte vassdrag. Høvet til å revidere er meint å føre til ei modernisering eller ajourføring av konsesjonsvilkåra. Revisjonen skal også gje høve til å oppheve vilkår som har vist seg urimelege, unødvendige eller ikkje hensiktsmessige.
Revisjonen skal også gjere det mogeleg å setje nye vilkår for å rette opp skader og ulemper for allmenne interesser som følgje av reguleringa.. Dette er særleg aktuelt ved skader og ulemper som ikkje var føresett på konsesjonstidspunktet.
Omfang
Vilkåra for 340 vasskraftkonsesjonar kan reviderast innan 2022. Dei 340 vasskraftverka er fordelt på 187 vassdrag.
Ut frå fastsette kriteria har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for Naturforvaltning (no Miljødirektoratet) sett opp ei prioriteringsliste over dei vassdrag som er mest aktuelle til å få nye vilkår. Les meir om prioriteringa her.